Disposisjon

Viser dei ulike stilane du kan bruka på ei hierarkisk liste. Med LibreOffice kan du ha opp til ni ulike nivå i eit listehierarki.

For å bruka denne funksjonen …

Opna dialogvindauget for Punkt og nummerering og vel Disposisjon.

Frå menylinja:

Opna Format → Avsnitt → Disposisjon og liste, trykk på fana Rediger stil → Disposisjon.

Frå verktøylinjer:

Ikon Disposisjonsstil

Vel disposisjonsstil

Frå sidepanelet:

Opna Stilar() → Listestilar → Sprettoppmenyen for ei oppføring → vel fana Ny/Rediger stil → Disposisjon.

Opna Stilar () → Avsnittsstilar → opna sprettoppmenyen for ei oppføring og vel fana Ny/Rediger stil → Disposisjon og liste. Trykk på fana Rediger stil → Disposisjon.


Utval

Klikk på det disposisjonsformat du vil bruka.

Tilpass

Set formateringsinnstillingane for sorterte og usorterte lister. Du kan også bruka individuell formatering for ulike nivå i listehierarkiet.

Støtt oss!

Støtt oss!